Stor interresse rundt etablering av Logistikkforeninga i Møre og Romsdal

Logistikkforeninga etablerer avdeling i Møre og Romsdal. I den anledning inviterte dei til opent medlemsmøte, fysisk på HiMolde og digitalt via Zoom.

Bilde av Steinar Abrahamsen og frammøtte i salen.

Leiar i interimsstyret i Logistikkforeninga i Møre og Romsdal, Steinar Abrahamsen. Alle foto: Jens Petter Straumsheim

Møre og Romsdal er eit logistikktungt fylke, om ein både ser på utdanningstilbodet ved HiMolde og mengda med varer som vert produsert og transportert ut av fylket årleg. Likevel har fylket vore ein kvit flekk på kartet til Logistikkforeninga - fram til no.

Stort frammøte på opent medlemsmøte

I samband med etableringa av lokallaget i Møre og Romsdal arrangerte Logistikkforeninga, i samarbeid med Høgskolen i Molde og Logistikkforum ved HiMolde, eit opent medlemsmøte, tysdag 22. mars.  Om lag 100 personar var til stades, anten fysisk eller via Zoom.  Av desse  var interimsstyret i lokallaget, medlemmer frå heile fylket og representantar frå Logistikkforum og HiMolde til stades.

Interimsstyret er samansett av representantar frå både næringsliv og akademia.

Interimsstyret i Logistikkforeningen i Møre og Romsdal. Frå venstre: Jørn Erik Norangshol, Fugro, Steinar Abrahamsen, Glamox, Geir Arne Svenning, HiMolde, Fabian Karlinger, Logistikkforum, Pernille Undrum, Logistikkforum og Jan Robert Lyngvær, Ekornes.

I det vidare arbeidet i foreninga vil det bli lagt vekt på å arrangere faste aktivitetar gjennom året, med medlemsmøte, bedriftsbesøk og andre faglege og sosiale samlingar.

Studentane viktige

Dei to studentrepresentantane i styret er begge med i Logistikkforum ved HiMolde.  Dei presenterte forumet og inviterte til samarbeid med næringslivet på fleire måtar.  Studentane kan skrive bachelor- og masteroppgåver for bedriftene, dei kan delta på utplassering i studietida og dei vil gjerne legge til rette for bedriftsbesøk til HiMolde eller arrangere ekskursjonar.


Programmet omfatta også foredrag

  • Oversjømarkedet  – «Market Update» og fremtidsutsikter
  • Bærekraft – Det grønne skiftet og grønt landtransportprogram

Foredragsholdere:

  • Thomas Sørbø – Nordilog
  • Marielle Furnes Mannseth, Brand & Marketing Director, Norwegian Hydrogen AS
  • Knut Eriksmoen, CEO DB Schenker

 

 

 

Publisert 23. mars 2022 15:08 - Sist endret 23. mars 2022 15:08