Tverrprofesjonelt samarbeid i praksis og utdanning

Forskargruppa er eit samlingspunkt for forskarar med interesse for å utvikle forskingsbasert kunnskap om tverrprofesjonelt samarbeid på område som er relevante for helse- og sosialfagleg arbeid. Gruppa er ei av to forskingsgrupper som er oppretta for å støtte opp om det felles doktorgradsprogrammet mellom Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda: «Profesjonsutøving - vilkår og utvikling»

Leder

Blogg

https://blogg.hivolda.no/fogtps/

Føremål

Gruppa har som føremål å utvikle forskingsbasert kunnskap som kan kome til nytte i forsking, undervisning, formidling og praksis. I praksis handlar dette om å støtte medlemmene i arbeidet med å utvikle prosjekt, finne samarbeidspartar, skaffe midlar, gjennomføre prosjekt og publisere denne.

Samlingar

Gruppa samlast fire dagar i året. Fokuset ligg på både det å bygge forskingskompetanse og bidra til forsking og forskingsformidling. Faglege diskusjonar som støttar opp om nasjonale og internasjonale forskingspublikasjonar vert særleg vektlagt.

Møta i gruppa har i regelen to komponentar:

Fagleg innlegg med brei fagleg eller metodisk nytteverdi frå medlemmer eller innhenta ekspertar.

Presentasjon av og respons på medlemmene sine skriftlege arbeid i ulike stadium av forskingsprosessen. Dette strekkjer seg frå presentasjon av forskingsidear, via respons på teoretiske vinklar og analysestrategi til paper som er snart ferdige.

Kontaktpersonar

Nye medlemmer er hjarteleg velkomne.

Blogg: https://blogg.hivolda.no/fogtps/

TPS medlemmer Molde:

Professor Atle Ødegård, forskningsgruppeleder
Førsteamanuensis Siv Elin Nord Sæbjørnsen
Førsteamanuensis Hans Petter Iversen
Førsteamanuensis Trude Eines
Førstelektor Signe Julnes
Førsteamanuensis Cecilie Grønvik
Høgskolelektor Helene Hoemsnes
Høgskolelektor Elfrid Måløy
Høgskolelektor Bjørn Kjetil Larsen
PhD kandidat Erlend Vik

 

Eksterne medlemmer:

Professor II Professor Elisabeth Willumsen
Professor II Susanne Lindqvist
Dosent Synnøve Hofseth Almås
Førsteamanuensis Frøydis Perny Vasset
Publisert 29. jan. 2019 10:15 - Sist endret 14. okt. 2019 09:42